Mors helsing til heimbygda

Helsing til heimbygda

Av: Ingrid Repstad Byholt

f. 12.6-1913    d. 11.1-2006

Ver helsa du heimbygd der Søgningar bur,

den vakraste perla i Sørlands natur.

Med smilande sletter og susande skog

der villig du mognast for øks og for plog.

Du opnar din famn imot storhavet stridt

som skvulpar mot stranda

så lenktande blitt.

Vi kjenner du eig oss, vår tru og vårt mot.

Vi elskar deg Søgne

for her har vi rot.

Du trår`kje i høgda med tinder og tårn,

men vernar så moderlig kring dine born,

med angande hagar i morgonsol dis –

og duvande segl for en sumarkvelds bris.

Der kyrkja ligg vakkert i ly under hei

og manar til allvår og viser oss vei.

Slik byr du oss livet og vokster oss du gjev

og alle fær rikelig løn før sitt stræv.

Her slekter har skifta i tider som for-

nå kviler dei trygt

i si heimbygds jord.

Dei rissa ei runer med store navn

men røkta si gjerning til landets gavn.

Ja trottugt dei stræva så viss i si tru

at Søgne var bygda der ætta sku bu.

Den arv dei har gjeve skal vi akte på

og gjere vårt til

at ho fremgang kan få.

Så veks då vår heimbygd i sol og i smil,

um utlengsla tek oss vi minnes deg vil

i sommerens lauvrike helgedagsprakt

og vinterens glitrande snøkvite drakt.

Du ligg oss i minne så kjendt og så kjær

om langt ut i framande landet vi er.

Ver helsa på ny du vår heimstad i nord

med ynskje um signing for liten og stor. 

Avskrift : Håkon Repstad sr.

Del denne siden